Spekter og Unio sammen for likestilling
-Manglende tiltak i likestillingspolitikken kan spenne beina under arbeidslivspolitiske mål som blant annet høy sysselseting, reduksjon av ufrivillig deltid og bedre kjønnsbalanse i ledertillinger, skriver Unioleder Anders Folkestad og Spektersjef Anne-Kari Bratten i DN.
Kvar blei det av verkemidla?
Kronikk av leiar i Unio, Anders Folkestad og administrerende direktør i Spekter, Anne-Kari Bratten.
Likestillings-, familie- og arbeidslivspolitikk heng nøye saman. Som partar i arbeidslivet arbeider vi kvar dag for å sikre Noreg nok og kompetent arbeidskraft. Som regjeringa skriv i meldinga, er partane sentrale aktørar i arbeidet for likestilling. Men manglande tiltak i likestillingspolitikken kan spenne beina under arbeidslivspolitiske mål om mellom anna høg sysselsetjing, reduksjon av ufrivillig deltid og betre kjønnsbalanse i leiarstillingar.
Partane i arbeidslivet får ikkje til dei store endringane så lenge forhold og ordningar som vi i liten grad kan påverke, medverkar til å sementere likestillingsutfordringane.
Solveig Horne veit godt at eit samla arbeidsliv meiner at foreldrepengeordninga er viktig for eit meir likestilt arbeidsliv. Ordninga tydeleggjer at balansen mellom arbeid, familie og omsorg er eit felles ansvar, der mor og far må bidra likeverdig, og ho har hatt positiv effekt på yrkesdeltakinga til kvinner. Kvinner kjem tidlegare tilbake i arbeid enn dei elles ville ha gjort.
Kombinert med tiltak som kompetanseutvikling, leiing og lønnspolitikk på bedriftsnivå, understøttar fedrekvota at både kvinner og menn skal kunne gjere leiarkarriere samtidig som dei er foreldre. Det vil gi effekt i ei tid der det stadig blir jakta på tiltak som kan få fleire kvinner i toppleiarstillingar. Men som regjeringa sjølv skriv, er det framleis desidert flest kvinner som tek ut foreldrepengedagar.
Dei klare og samla råda frå arbeidslivet når det gjeld fedrekvoten, er kort og godt neglisjerte. Og vi undrar oss over at Horne, som så gjerne vil ha innvandrarkvinner ut i jobb, ikkje avviklar kontaktstøtteordninga, som er med på å halde nettopp denne gruppa heime.
Det er òg grunn til å spørje kvifor det verken i likestillingsmeldinga eller i forslaget til statsbudsjett for 2016 er lagt opp til å fjerne skatteklasse 2. Det ville ha gjort det meir lønnsamt for kvinner å jobbe framfor å vere heime, og dermed styrkt både likestillingsarbeidet, arbeidslina og integreringa.
Det er dessutan på tide at regjeringa tek det krafttaket som trengst for å kunne realisere to barnehageopptak i året. Med det eine årlege opptaket vi har i dag, tek det lengre tid før kvinner kjem tilbake på jobb etter permisjon, og det er mindre sannsynleg at dei jobbar heiltid.
Å leggje forholda til rette for meir heiltid vil ikkje berre gi kvinnene økonomisk sjølvstende, men òg bidra til meir likestilling i arbeids- og familieliv.
Solveig Horne bør ta inn over seg at det er lita hjelp i å stille rett diagnose dersom det ikkje i tillegg blir skrive ut medisin som verkar. Dei folkevalde på Stortinget bør nytte høvet til å rette opp dette når statsbudsjettet for 2016 skal behandlast.
Kronikken er publisert i Dagens Næringsliv 30. oktober 2015: