Forslaget er i for liten grad tilpassa den norske marknaden

Spekter meiner overordna sett at departementet burde nytta seg av handlingsrommet fortalen gir medlemsstatane for tilpassing til den norske marknaden. Forslaget er etter Spekter sitt syn for ubalansert i favør av opphavar, og grip dessutan inn i avtalepartane sin heilt naudsynte autonomi.

Det er avgjerande å sikre ei balansert åndsverklov som sikrar både opphavar og ervervar. Mange av våre medlemmer er begge deler, og der våre medlemmer er ervervaren lever dei i eit gjensidig avhengigheitsforhold til opphavaren. Institusjonen er avhengig av gode kunstnarar og andre opphavarar, og institusjonen er på si side sentrale for at kunsten og innhaldet skal bli produsert og nå eit publikum.

Spekters kulturmedlemmer leverer på viktige oppdrag på vegne av det offentlege. Spekter meiner det er heilt avgjerande å sikre desse nødvendig handlingsrom til å svare på samfunnsoppdraga sine. Då må dei ha eit rammeverk som legg til rette for innovasjon og organisasjonsutvikling i takt med samfunnsutviklinga. Slik kan dei hevde seg i konkurransen, både som attraktive arbeids- og oppdragsgjevarar for dei beste kunstnarane, men også om publikum, som har like god tilgang til internasjonalt innhald, som til det norske. I ein global marknad er det også avgjerande å sikre norsk innhaldsproduksjon av høg kvalitet, som held dei standardane publikum i dag forventar.

Spekter ber difor departementet om å gjere fleire unntak for tilsetjingsavtalar som bygger på tariffavtalar og andre kollektivt framforhandla avtalar. Vidare utdjupar vi behovet for slike tilpassingar i dei ulike forslag til endring av Åvl.

Åvl. § 69 - rimeleg vederlag

Art. 18 om opphavar sin rett til rimeleg vederlag er etter departementets vurderingar allereie dekka av dagens åvl. § 69, og det vert ikkje foreslått endringar knytt til gjennomføringa av artikkelen.

Det vert i fortalen punkt 73 opna for å gjere unnatak frå regelen om vederlag for overdraging av rettar, som er gjort i tråd med tariffavtalar og andre ordningar. Departementet føreslår ikkje ei slik tilpassing. Spekter meiner derimot at det er heilt avgjerande at departementet gjer ei avgrensing mot tilsetjingsforhold. Noko anna vil vere særs uheldig. For det første er det ikkje behov for ein eigen vederlagsregel i tilsetjingsforhold der løna i seg sjølv er vederlaget. For det andre vil regelen utan eit slikt unntak gripe særs uheldig inn i tariffpartane sitt avtaleforhold. For store grupper av opphavarar vert løna fastsett ved tariffavtalar. Partane er i slike tilfelle samde om kva som er å rekne for eit rimeleg vederlag. Det er i denne samanheng viktig å hugse på at lønnsregulering i tariffavtalar berre er ein del av ein større heilskap av ulike rettar og plikter, som påverkar kvarandre. Det er difor ikkje mogleg å trekke ut eit element, i dette tilfelle løn/vederlag, utan at det også får konsekvensar for andre delar av avtalen.

Spekter er sjølvsagt samd i at opphavarar skal ha rett til rimeleg vederlag. Difor er det positivt at kultur- og mediesektoren i Norge er godt organisert. Våre medlemmer er ansvarlege arbeidsgjevarar med tariffavtalar, også for ei rekke kunstnargrupper og andre opphavarar. I tillegg eksisterer det ei rekke avtalar om vederlag for bruk og overdraging av rettar, med landsomfattande bransjeorganisasjonar som har stor kompetanse på området. Det er difor ikkje slik i Norge at kunstnaren til ei kvar tid er den svake part.

NRK og dei andre kulturinstitusjonane gjer store investeringar i innhald, og partane sin avtalefridom må takast omsyn til for å sikre at investeringane når sitt formål.

Spekter meiner difor at spørsmålet om rimeleg vederlag i tilsetjingsforhold bør regulerast i det arbeidsrettslege regelverket basert på forhandlingar mellom tariffpartane i arbeidslivet.

Regelen bør etter Spekter sitt syn heller ikkje kunne gripe inn i andre avtalar mellom oppdragsgivarar og deira organisasjonar, og ulike landsomfattande forbund om vederlag for bruk av åndsverk frå kunstnarar organiserte som oppdragstakarar.

Spekter støttar elles departementets uttale om at § 69 ikkje er til hinder for totaloverdraging. Vidare støttar vi departementets vurdering om at det er forholda på avtaletidspunktet som skal ligge til grunn for vurdering av rimeleg vederlag. Dette harmonerer også med gjennomføringa av art. 18 elles i Norden. Ervervaren vil i dei fleste tilfelle ta den største risikoen ved å førehandsvurdere rettane sin verdi og kalkulere kor stor investering som skal gjerast på kostnadssida for å nytte rettane.

Åvl. § 69 (3) Avtalejustering

Skal tariffesta løn kunna etterprøvast av ei rimelegheitsvurdering knytt til etterfølgjande forhold, slik departementet no føreslår, har dette betydning for rettar og andre goder som er ein faktor for lønnsdanninga i tariffavtalen. Spekter spør seg kva rettsleg status tariffavtalen skal kunne få om enkeltpersonar skal kunne gå til sivile domstolar med eit krav om avvikande vederlag fastsett i tariffavtalen. Utan ei avgrensing mot tariffavtalar vil lova undergrave tariffpartane sitt ansvar og si rolle. Tariffpartane si rolle er utvikla gjennom mange tiår og skal skape føreseielegheit og pålitelegheit. Det er viktig at vederlag for opphavsrett i arbeidsforhold vert regulert gjennom det arbeidsrettslege regelverket. Tariffavtalen vil saman med arbeidsmiljølova ivareta dei naudsynte omsyn, mellom anna rimelegheit i vederlaget. Vi meiner difor regelen må avgrensast mot arbeidsforhold.

I tillegg meiner Spekter regelen også må avgrensast der det er avtalar om bruk også i bestillings- og oppdragsforhold, då vederlaget også her er framforhandla mellom likeverdige partar. Spekter sine medlemmer investerer store beløp for å sikre seg rettar til opphavsrett, som skal nå eit publikum, og det vil vere særs uheldig om våre medlemmer ikkje kan sikrast naudsynt føreseielegheit for desse investeringane. Partane er dei beste til å regulere vederlaget i sine eigne avtalar.

Spekter fryktar at ein utan eit slikt unntak aukar konfliktrisikoen, og at investeringsviljen minskar. Regjeringa ønskjer at kultursektoren skal vere organiserte og ha tariffavtalar. Departementets forslag vil etter Spekters syn vere i direkte motstrid med målet om auka organisasjonsgrad i kultursektoren, jf. Meld. St. 22 (2022-2023) Kunstnarkår, då det vil bli ein risiko å tilsette kunstnarar om tariffavtalar kan etterprøvast slik departementet her tek til orde for.

Spekter bed departementet om at dette vert presisert i lovteksten i § 69 (4), til dømes slik:

«Regelen gjeld ikkje for kollektivt forhandla avtalar og individuelle avtalar som er inngått på grunnlag av kollektivt forhandla avtalar».

Nye reglar som grip inn i avtalefridomen må ikkje få tilbakeverkande kraft. Spekter meiner det er heilt sentralt å sikre at nye reglar som grip inn i avtalefridomen ikkje får tilbakeverkande kraft på gjeldande avtalar, jf. art. 26 DSM-direktivet. Spekter er samd med NRK, som i sitt høyringssvar påpeikar at departementet ikkje har handsama dette spørsmålet tilstrekkeleg i høyringsnotatet.

Åvl. § 74 - Retten til å heve avtale ved manglande bruk

Spekter meiner ein hevingsrett ved manglande bruk, slik departementet tek til orde for, vil gjere eit stort inngrep i det grunnleggande kontraktsrettslege prinsippet om at avtalar skal haldast. Ein generell og vidtrekkande tilgang til heving vil få særs uheldige konsekvensar for bestillar og ervervar av rettigheitene, og investeringsviljen i opphavsverna materiale. Dette vil igjen kunne svekke konkurransekrafta for norske produsentar og kringkastarar som allereie er i skarp konkurranse om publikum med sterke og dominerande internasjonale aktørar.

Spekter meiner det bør gjerast unntak frå § 74 for tariffavtalar- og rammeavtalar, jf. Art. 22 nr. 5. I tillegg støttar vi NRK i at også avtalar om erverv av rettigheiter i kringkastingssektoren bør unntas.

DSM-direktivets art. 19 - Opplysningsplikt

DSM-direktivets art. 19 inneber at opphavarar på nærare gitte vilkår har rett til opplysningar knytt til ervervaren sine inntekter frå utnyttinga av rettane. Formålet med art. 19 er å ivareta opphavarar og utøvande kunstnarar sitt «behov for opplysninger for å kunne vurdere den økonomiske verdien av sine rettigheter», jf. pkt. 74 i fortalen til direktivet.

Departementet peika i førre innspelsrunde på at det ikkje er art. 19 sitt føremål å etablere ein omfattande innsynsadministrasjon som medfører ein uproporsjonal rapporteringsbyrde for ervervarar av opphavs- og naborettigheiter. Og i art. 19 nr. 1 opnast det opp for ei fleksibel gjennomføring ved å ta høgd for sektorspesifikke krav.

Spekters medlemmer innafor kultursektoren som teater, orkester, opera, museum og NRK, er ansvarlege arbeidsgjevarar med tariffavtalar, som årleg inngår særs mange avtalar med mange type rettigheitshavarar. Art. 19 nr. 5 opnar for at ein kan gjere unntak for tilsetjingsforhold som bygger på tariffavtaler. Dette har departementet likevel ikkje gjort.

Som kjent går normalt rettigheiter til åndsverk skapt i tilsetjingsforhold over til arbeidsgjevar i den utstrekning det er naudsynt for at tilsetjingsforholdet skal nå sitt føremål, jf. Knophs maksime. Ei slik overdraging av rettar er, som nemnd, gjerne også regulert i tariffavtalar og andre kollektivt forhandla avtalar. Tilsvarande vil også vere tilfelle for ei rekke oppdragsforhold. Spekter er einige med mellom anna NRK i at det ikkje er nokon grunn til at gjennomføringa av art. 19 i norsk rett skal endre det partane i tariffavtalen er blitt samde om når det gjeld kompensasjon og innsyn, jf. departementet si uttale om dette i innspelsrunden i 2020-2021. Spekter viser vidare til at det i Danmark er gjort unntak for avtalar som er basert på kollektivt forhandla avtalar, ved gjennomføring av art. 19.

Spekter ber difor departementet, også her, om å gjere unntak for tilsetjingsavtalar som bygger på tariffavtalar og andre kollektivt framforhandla avtalar.