Tal frå Lotteritilsynet syner at 6 av 10 nordmenn ikkje veit, eller er usikre på
kven som har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel i Norge. Spekter
meiner DNS-blokkering av nettsider som tilbyd ulovleg pengespel difor vil
vere eit viktige verkemiddel for å auke kunnskapen om dette. DNS-blokkering
kan slik også hindre nyrekruttering av spelarar og hindre at fleire utviklar
problematisk speladferd.

2019-tal frå Lotteritilsynet syner at 55 000 nordmenn har spelproblem, og
dette er ein auke frå 34 000 problemspelarar i sist undersøking gjort i 2015.
Vidare har talet på moderate risikospelarar auka frå 88 000 i 2015 til 122 000
i 2019.

Det er særs viktig å hindre ei vidare negativ utvikling når vi veit kor store
konsekvensar spelavhengigheit har for den einskilde, dei pårørande og for
samfunnet. Spekter støtter difor tiltak som bidreg til å minske attraktiviteten
til den norske marknaden for selskap som tilbyd ulovlege pengespel. Spekter
meiner den samla summen av tiltak, der DNS-blokkering inngår, vil kunne
bidra til å styrke einerettsmodellen som skal sikre ansvarleg pengespel,
førebyggje spelproblem og andre negative konsekvensar av pengespel.