Dette er en kronikk av Åslaug Løseth Magnusson, spesialrådgiver i Arbeidsgiverforeningen Spekter, publisert på Dagsavisen.no 25. april. Teksten er også gjengitt under.

_ _ _ _ _ _

Teatera, orkestera, operaene, dei store festivalane, konserthusa og musea er motorar for norsk kunst- og kulturliv. Dei sørgjer for at det vert utvikla, produsert og formidla kunst og kultur av høg kvalitet til publikum over heile landet. Kulturinstitusjonane er også dei viktigaste arbeidsgjevarane for kunstnarar og kulturarbeidarar landet rundt

Ein ny økonomisk situasjon

Norge er i ein heilt ny økonomisk situasjon. Der politikarane tidlegare har kunne løyse dei fleste problem med å løyve stadig meir pengar, er situasjonen i dag ein heilt annan. Det er krig i Europa, prisane og renta stig, kostnader til flyktningar og forsvaret aukar. Prioriteringane blir nødvendigvis tøffare når dei offentlege budsjetta i tillegg må bidra til å få ned inflasjonen og stabilisere renta. I ein artikkel på nrk.no kjem det fram at 44 prosent nyttar kulturtilboda mindre. Altså er det ikkje berre politikarane som må prioritere hardare. Også publikum har utfordringar med å få pengane til å strekke langt nok, og kulturtilboda vert nedprioritert.

Regjeringa, og etter kvart Stortinget, leverte i haust eit statsbudsjett som underbudsjetterte pris- og lønsanslaget. Dette førte til at dei offentleg finansierte verksemdene måtte sette i gang omstilling, og fleire iverksette nedbemanningar og andre innsparingstiltak. Når prisveksten er alt for lågt budsjettert, utan at dei folkevalde har kommunisert at konsekvensane blir lågare aktivitet, må leiarane gjennomføre utan å ha den legitimiteten dei kunne hatt om dei folkevalde hadde sagt tydeleg frå om at «no vert det nedskjeringar fordi vi folkevalde har komme til at det er desse prioriteringane vi må gjere no».

Etter at Spekter og mange andre hadde åtvara mot dei konsekvensane desse kutta ville få, lova Finansministeren kompensasjon for den auka løns- og prisveksten. Kulturministeren uttalte under Spekter og LO sitt arrangement Kulturtalen 2023 at også kulturen vil få kompensasjon. Det gjer at vi har store forventningar til kva som faktisk kjem i RNB.

Institusjonane er motoren i kulturlivet vårt

Regjeringa med kulturminister Anette Trettebergstuen i spissen har store ambisjonar for kulturlivet vårt. Ho har som mål å auka kulturens del av statsbudsjettet til 1%, og at alle skal ha tilgang på kunst og kultur av høg kvalitet uavhengig av kvar dei bur, kva bakgrunn dei har og storleiken på lommeboka. Det skal byggast ut kulturarbeidsplassar og satsast på lokal og regional kultur. 

Så veit vi alle at ting har endra seg sidan Hurdalsplattformen vart lagt fram, og når knappare offentlege midlar skal fordelast er det avgjerande å prioritere kulturinstitusjonane. Gjer vi ikkje dette, vil det gå ut over det samla kulturtilbodet over heile landet.

Ei undersøking Spekter har gjennomført blant våre medlemmer viser at underdekninga i statsbudsjettet har store konsekvensar for dei offentleg finansierte institusjonane, for kunstnarane og for publikum. 64 prosent av Spekter sine kulturmedlemmer må halde ledige stillingar vakante, 51 prosent må nedbemanne, 53 prosent må stoppe investeringar, 56 prosent må i nokon eller stor grad redusere publikumstilbodet og 72 prosent må redusere bruken av vikarar og frilansarar. Styre og leiing i offentleg finansiert verksemd brukar ikkje pengar dei ikkje har. Dei held seg til Stortingets avgjerder, og set tæring etter næring. Tilpassingane som leiarane for kulturverksemdene til dømes gjer, er tilpassingar som alle leiarar tyr til i slike situasjonar: Dei held stillingar ledige og reduserer bruken av vikarar og frilansarar. 

Kunst- og kulturinstitusjonane bidreg til å sikre kompetanse, profesjonalitet og fornying innan sine ulike fagfelt og bidreg også med betydelege ressursar og kompetanse til andre produksjonsmiljø, kompani og enkeltkunstnarar. Slik bidreg dei til å oppfylle mange av måla i Hurdalsplattformen.

Eit løft for publikum i heile landet

Spekter meiner det er mange måtar å løfte kulturfeltet på. Mellom anna ønskjer vi oss ei storstilt satsing på kulturturisme, og at musikk- og scenekunst vert innlemma i mva.-systemet med låg sats for å bidra til administrativ forenkling og like konkurransevilkår for aktørar i den same marknaden. I tillegg må Kulturdepartementet sitt forslag om å lovfeste armlengds avstandsprinsippet bli vedtatt for å sikre kulturinstitusjonane mot politisk innblanding i kunstnarlege prioriteringar. 

Men først ventar vi spent på revidert nasjonalbudsjett, og håpar det i ei tid med knappe budsjettmidlar er institusjonane som blir prioriterte. Dette er viktig for kunstnarane og kulturarbeidarane, for utviklinga av Norge som kulturnasjon og ikkje minst er det viktig for publikum i heile landet.