Det er mellom anna positivt at forskrifta sikrar likebehandling av dei ulike spelaktørane ved at det blir strengare å drive med pengespel, og at ein set felles krav til alle regulerte aktørar i den norske spelmarknaden. Spekter meiner også det er positivt at styresmaktene sikrar fleire verkemiddel for å handheve reglane.

Befolkningsundersøkinga Universitetet i Bergen gjorde for Lotteritilsynet i 2019 syner at 55 000 nordmenn har spelproblem, og dette er ein auke frå 34 000 problemspelarar i sist undersøking, som vart gjennomført i 2015. Vidare har talet på moderate risikospelarar auka frå 88 000 i 2015 til 122 000 i 2019. Det er særs viktig å hindre ei vidare negativ utvikling når vi veit kor store konsekvensar spelavhengigheit har for den einskilde, dei pårørande og for samfunnet.

Spekter meiner forslaget til forskrift saman med den nye lova gir styresmaktene fleire og betre verkemiddel for å handheve den reguleringsmodellen ein har for pengespel i Noreg, og at omsynet til å sikre ansvarlege pengespel, hindre økonomisk mislighald og privat økonomisk forteneste samla sett er godt ivaretatt.

Spekter vil til sist understreke viktigheita av å halde fast på einerettsmodellen, som er heilt avgjerande for å sikre ansvarlege pengespel, førebyggje speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel