NOU 2021:3 Barneliv foran, bak og i skjermen og notat om forslag til endringer i bildeprogramloven
Høringssvar
Spekter viser til høyringsbrev frå Kulturdepartementet av 25. juni 2021, og har følgjande korte innspel
Medietilsynet har i notat av 9. juni 2021 om endringar i bildeprogramlova fremja forslag om at statleg førehandskontroll av kinofilm skal avviklast og at ansvaret for å aldersklassifisere kinofilm skal gjerast av den enkelte kinofilmdistributør. Dette fører til ei likebehandling og ansvarleggjering av alle bildeprogramdistributørar, og Spekter støttar difor forslaget.
Spekter er også positiv til tiltak fremja i NOU 2021:3 «Barneliv foran, bak og i skjermen» der det mellom anna vert anbefalt at styresmaktene skal oppmode medieaktørar til å utvikle betre moglegheit for foreldre til å vurdere medieinnhald opp mot borna si aukande modning med alderen og borna sin rett på informasjonstilgang. Vårt medlem NRK er ein særs viktig innhaldsprodusent for born og unge med stort fokus på dette, og vi viser til deira høyringssvar.