Høringssvar - forslag til ny, heilskaplig språklov
Arbeidsgiverforeningen Spekter er positiv til at det vert fremja forslag om ei ny, heilskapleg språklov, som skal lovfeste statusen til norsk språk og definere statusen til samiske språk, norsk teiknspråk og andre språk som staten etter internasjonale avtalar har eit ansvar for.
Vi er også positive til at departementet gjennom lovforslaget vil slå fast det ansvaret det offentlege har for dei nemnde språka.
Spekter vil fokusere vårt høyringssvar kring to område:
- Forslaget om å knyte verkeområdet i Språklova direkte til verkeområdet i offentleglova
- Forslaget om å lovfeste Språkrådet som tilsyn
Verkeområdet
Departementets forslag inneber at alle verksemder som er underlagt offentleglova vil bli underlagt språklova, med dei positive unntak som følgjer av forskrift, og for private rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i konkurranse med private. I høyringsnotatet skriv departementet at forslaget til språklov «ikkje er å sjå på som ei utviding av verkeområdet, men som ei nødvendig avklaring av spørsmål om verkeområdet». Spekter meiner det må komme tydelegare fram at verkeområdet for lova ikkje vert utvida, med unntak av det som kjem fram av fylkeskommunale plikter.
For fleire verksemder kan det vere ressurskrevjande å finne ut kva lover dei er omfatta av. Departementets forslag om å knyte verkeområdet i språklova til verkeområdet i offentleglova skal i følgje høyringsnotatet rydde unna uklarheiter. Spekter er ueinig i at det å vise til offentleglova sitt verkeområde er eit godt verkemiddel. Unntaket etter offentleglova for private rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse og på same vilkår som private er av fråsegnene som kan gje tvilstilfelle.
Mange av dei verksemdene offentleglova gjeld for vart på 1990-talet omdanna frå å vere ein del av forvaltninga, til å bli sjølvstendige rettssubjekt eigd av det offentlege. Vi vil minne om at bakgrunnen for denne omorganiseringa av forvaltninga var at verksemdene hadde behov for andre rammevilkår, for å kunne møte dei utfordringane som følgde av auka konkurranse og raske teknologiske endringar. Mykje av føremålet med omdanninga til eigne selskap var nettopp at dei ikkje skulle vere omfatta av det offentlege regelverket, men ha same rammetilhøve som andre konkurrerande verksemder. Dette har hatt ein positiv effekt både for tenestetilbodet og offentleg ressursbruk. Om det er slik at verkeområdet i språklova vert utvida samanlikna med dagens mållov, vil det innebere ei reversering av dette ved at verksemdene i praksis vert «trekte tilbake» til forvaltninga.
Vi vil i denne samanheng vise til forslaget til ny forvaltningslov (NOU 2019:5). Her vert det vist til den seinaste eigarskapsmeldinga der det heiter: «Det er bred politisk enighet om at det statlige eierskapet skal utøves profesjonelt innenfor rammen av norsk sekskapslovgivning og basert på allment aksepterte eierstyringsprinsipper, herunder at selskaper hvor statens eierskap i hovudsak er forretningsmessig motivert skal drives på samme måte og under samme rammevilkår som veldrevne private selskaper». Forvaltningslovutvalet seier difor at det ikkje skal vere ein «alminnelig regel om at forvaltningsloven skal gjelde for selskaper bare fordi de er helt eller delvis eid eller kontrollert av det offentlige». Spekter støtter dette og vi meiner dei same prinsippa må leggast til grunn for språklova.
Departementet viser i høyringsnotatet til St. meld nr. 53 (1991-92) Målbruk i offentlig tjeneste der det vart lagt til grunn at det for stiftingar må vurderast særskilt i kvar enkelt tilfelle om dei skal reknast som statsorgan etter mållova. Grunngjevinga er at desse kan ha svært varierande statstilknytning og svært ulike formål og oppgåver. Spekter kan ikkje sjå at dette har endra seg i vesentleg grad.
Vidare viser høyringsnotatet til at Kulturdepartementet har tilrådd vedtektsfesting som ein måte å rydde unna uklarheiter på i grenselandet mellom reint statleg og reint privat verksemd.
Det er særs uheldig for språket om verkeområdet for den nye språklova ikkje er tydeleg når den skal implementerast. Ved å nytte ein metodikk der ein viser til offentleglova er det korleis verksemda er organisert som vert avgjerande for kva plikter ein har, og ikkje kva oppgåver ein skal utføre. Offentleglova skal først og fremst ivareta demokratisk kontroll med korleis offentleg eigde verksemder utfører sitt oppdrag og brukar offentlege midlar. Andre lover kan ha andre formål slik som arkivlova og språklova.
Spekter meiner difor at departementet ikkje bør knyte verkeområdet i språklova til verkeområdet i offentleglova, men legge opp til at private rettssubjekt kan innlemmast i verkeområdet til språklova gjennom å ta konkret stilling i kvart enkelt tilfelle, til dømes gjennom vedtektsfesting, eller særlover, slik fleire verksemder opererer i høve dagens mållov.
Lovfesting av Språkrådet som språkpolitisk verkemiddel
Spekter er skeptiske til bruken av omgrepet tilsyn om Språkrådets råd- og rettleiingsfunksjon. Å føre tilsyn inneber oftast at tilsynsstyresmakta har sanksjonsmoglegheit ovafor dei som ikkje overheld sine plikter. Døme på dette er Arbeidstilsynet og Mattilsynet. Ettersom det i høyringsnotatet ikkje er gjort framlegg om å innføre sanksjonar for brot på språklova, noko Spekter for øvrig støtter, vil slik høyringsnotatet på godt vis formulerer det, «god praktisering og etterleving av lova vere avhengig av om offentlege organ har kunnskap om lova». Spekter meiner det er tilstrekkeleg å lovfeste Språkrådets råd- og rettleiingsplikt, samt verksemdenes opplysningsplikt til Språkrådet for å ivareta både kunnskap om lova og oppfølging av pliktene som følgjer av lova. Det er etter Spekters syn heller ikkje naudsynt å nytte omgrepet tilsyn i høve Språkrådets innsamling av statistikk basert på automatisk innhenting av tilgjengeleg informasjon.
Les høringen her: