Dette er en kronikk av Åslaug Løseth Magnusson, spesialrådgiver i Arbeidsgiverforeningen Spekter, som sto på trykk i Dagsavisen 13. desember. 

Det siste året har vi sett store omstillingsprosessar i verksemder som leverer på viktige samfunnsoppdrag frå det offentlege. NRK, Kilden teater- og konserthus, Den Norske Opera og Ballett og no sist Nationaltheatret. Alle har vore gjennom, eller står midt i utfordrande omstilling- og nedbemanningsprosessar. Diverre er situasjonen enno meir alvorleg for kultursektoren enn det desse sakene viser. 

Kulturinstitusjonane er sjølve motoren i kulturlivet vårt. Dei sørger for at det blir produsert og formidla kunst av høg kvalitet til publikum i heile landet. I tillegg bidreg dei med betydelege ressursar til andre, mindre produksjonsmiljø, kompani, enkeltkunstnarar og til det frivillige, lokale kulturlivet. Institusjonane bidreg både til å stimulere eksisterande kunstnarskap, og til å utvikle nye kunstnarskap. Dei er dei viktigaste arbeids- og oppdragsgjevarane for kunstnarane og kulturarbeidarane i landet med ein god miks av faste tilsette og bruk av ein stor del frilansarar. Slik bidreg dei til å halde liv i ein sterk frilansmarknad som er avgjerande for å sikre topp kvalitet på publikumstilbodet.  

Arbeidsgiverforeningen Spekter gjennomførte i september i år ei undersøking som avdekka at mange av våre medlemmer innafor kultursektoren står i ein krevjande økonomisk situasjon. Over halvparten seier det kan bli  aktuelt å nedbemanne i inneverande år. Det som gjer situasjonen ytterlegare alvorleg er at 52 prosent seier dei må halde ledige stillingar ubesett. Altså har dei ikkje økonomi til å fylle alle stillingar om nokon ønskjer å slutte sjølv, eller dei går av med pensjon. 

I tillegg seier 75 prosent at dei må redusere bruken av frilansarar og vikarar. Dette betyr at det blir færre oppdrag for dei som arbeider som profesjonell utøvande kunstnar i dag. Tal frå Kulturdirektoratet har vist at det vart færre fast tilsette i kultursektoren under pandemien, samtidig som talet på sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar auka. Om frilansarane no får mindre å leve av, vert resultatet ei dobbel nedbemanning i sektoren. Spekter fryktar det kan føre til  kompetanseflukt og eit mindre mangfaldeg kulturtilbod til publikum. 

Kulturinstitusjonane har gjennom mange år vert utsett for årlege innstrammingar over statsbudsjettet. Den førre regjeringa si ABE-reform gjorde at teatera, orkestera, musea, NRK og dei andre med økonomiske løyvingar frå statsbudsjettet måtte stramme inn kvart einaste år. Spekter og andre varsla om at det er lite å kutte i ein kulturinstitusjon då dei allereie har effektive administrasjonar. Dei kanaliserer sjølvsagt mest mogleg ressursar til publikumstilbodet og det faglege innhaldet. Prisauken på slutten av 2022 vippa mange over kanten, og den svake kronekursen bidreg til å gjere situasjonen ytterlegare krevjande for institusjonar med eit utprega internasjonalt samarbeid. Stortinget sikra heller ikkje i statsbudsjettet  for 2024 full inflasjonsjustering, så sjølv om det i forliket kom nokre gledelege ekstratilskott står motoren i kulturlivet vårt ovafor nok eit vanskeleg år.  

Heldigvis er det brei politisk semje om at vi skal ha eit sterkt kunst- og kulturliv i Norge. Dagens regjering seier i Hurdalsplattformen at dei vil sikre institusjonane og styrke kunstnarøkonomien. Det er ingen motsetnad i desse to lovnadane. Ved å sørge for at institusjonane har gode økonomiske vilkår sikrar ein samtidig at fleire kunstnarar har arbeid å leve av. Slik bidreg ein også til at publikum får tilgang til store kunstopplevingar i ei tid der nettopp det å komme saman og kjenne på fellesskapen kanskje aldri har vore viktigare. Vi vonar dette vert ei hovudsak under Stortingets handsaming av kunstnarmeldinga no i desember.