Ny heilskapleg språklov på trappene
Arbeidsgiverforeningen Spekter er positiv til at det vert fremja forslag om ei ny, heilskapleg språklov, men er kritiske til korleis ein har formulert verkeområdet i lova, då det er gjort framlegg om at sjølvstendige verksemder i utgangspunktet skal være omfatta på lik linje med forvaltninga.
Tysdag 16. juni var Arbeidsgiverforeningen Spekter på høyring i familie- og kulturkomiteen på Stortinget om forslag til ny språklov. Spesialrådgjevar Åslaug L. Magnusson og advokat Ane Wigers var Spekters representantar.
I lovforslaget til ny språklov har ein tatt utgangspunkt i verkeområdet til offentleglova når ein har utforma verkeområdet til språklova. Spekter ser at dette er ein teknikk lovgjevar nyttar seg av i fleire lover, mellom anna i lovforslaget frå arkivlovutvalet, og no også språklova. Spekters representant, spesialrådgjevar Åslaug L. Magnusson, framheva at dette er problematisk.
- Offentleglova skal først og fremst ivareta demokratisk kontroll med korleis det offentlege, og i denne samanheng offentleg eigde verksemder, utfører sitt samfunnsoppdrag og nyttar offentlege midlar. Det er ikkje like sjølvsagt at verksemdene omfatta av offentleglova er eigna objekt for å realisere føremålet med språklova, sa Magnusson.
Spekter registrerer at Kulturdepartementet legg opp til at det skal gjerast unntak i forskrift for enkelte. Dette tyder på at ein har forstått problemet, men Spekter meiner at dette ikkje løyser problemet.
Blir dette ståande burde i alle høve prosessen med å utferdige forskrift kome parallelt med lovproposisjonen, for å skape eit føreseieleg resultat.
Spekter tok til orde for at ein heller må ta konkret stilling i vedtektene til kvar enkelt verksemd om dei skal vere omfatta.
- Spekters forslag hadde gitt ein tydeleg og føreseieleg prosess, der ein unngår forvirring når lova skal implementerast. Det vil alle tene på, både selskapa og ikkje minst språket, avslutta Magnusson.