Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland var lenge håret i suppa hos det offentlege. Men ingen tviler på resultata til senteret i dag.

– Ein tung byråkrat sa ein gong til meg: «De representerer eit ordensproblem», seier Svein Kostveit, direktør for Rehabiliteringssenteret AiR.

– Ordensproblem?

– Ja, vi passa ikkje inn i systemet. Samfunnet har organisert seg i eit helsevesen på den eine sida og arbeidsretta tiltak på den andre, men det er inga kopling mellom dei. Det vanlege er å behandle folk, deretter tenke arbeid. Men vi behandlar folk med eit klart mål: Å få dei tilbake i arbeidslivet.

– Og det blir for vanskeleg for det offentlege?

– Vi har representert ei kontinuerleg utfordring for systemet. Våre gründerar jobba gratis i åtte år for å få dette på plass, for dei hadde stor tro på arbeidsretta rehabilitering. Vi har aldri akseptert at vi ikkje passar inn.

I dag er arbeidsretta rehabilitering del av regjeringa sine overordna satsingsområde, og fagfeltet ein del av spesialisthelsetenesta.

– Politikarane har innsett kor viktig det er å snu utviklinga, å få folk tilbake i arbeid. Delen uføretrygda under 30 år berre veks. Så vi blir berre viktigare. Men framleis er det vanskeleg å vinne fram i anskaffingsrundane. 

Det er menneska, hovuda og hendene som tyder noko, ikkje finanskapitalen. Om vi lukkast med å få folk tilbake i arbeidslivet, er det samfunnsøkonomisk særs lønsamt. Og utruleg viktig for kvar enkelt.

Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland er ein privat, ideell institusjon som blei starta i 1986 og som deretter har vore leiande innan arbeidsretta rehabilitering. Senteret har 80 tilsette og 71 sengeplassar, og i snitt har dei 800 deltakarar i året.

– Dei som kjem hit har ein ting til felles: Dei har store utfordringar med å halde fast på, eller kome tilbake til arbeidslivet. Og det er ingen quick-fix. Dei har plager med stor kompleksitet og treng breie, tverrfaglege tilnærmingar for å bli bygd opp fysisk og psykisk, seier Kostveit.

No sit han med ei rekke plansjar og dokument framfor seg. «Arbeid + helse = sant», seier ein. «Raskare tilbake ved AiR», seier ein annan.

– Det er ikkje oljen som er viktig, seier han og hentar fram ein plansje som viser Noregs nasjonalformue. Plansjen fortel at 82 prosent av verdiskapinga kjem frå arbeidsinnsats.

– Det er menneska, hovuda og hendene som tyder noko, ikkje finanskapitalen. Om vi lukkast med å få folk tilbake i arbeidslivet, er det samfunnsøkonomisk særs lønsamt. Og utruleg viktig for kvar enkelt. Vi veit at arbeid i seg sjølv gjev helsegevinst. Det finst det sterk dokumentasjon på. 

Han set blikket i oss. 

– Det er i dette feltet vi jobbar. Senteret får i dag oppdrag frå det offentlege, men avtalene er til dels korte og avgrensa.

– Vi ønskjer oss meir langsiktige avtaler. Nå har vi to avtaler som går ut 31. desember 2017 og det er stor uklarleik rundt porteføljen vår for 2018. Det er krevjande for ein liten institusjon som vår.

– De står så langt utan oppdrag i 2018?

– Ja delvis, det er dramatisk. Difor er det viktig å vise fram det vi driv med i faglege og politiske fora. Det er krevjande for eit fagfelt få i det offentlege kjenner eigarskap til. Vi er den største private bedrifta i Vinje kommune og kompetansen ||i bygda betyr noko for folk. Å få gehør for arbeidsretta rehabilitering som eige fagfelt har vore vanskeleg, men det er i ferd med å endre seg i positiv lei, fortel Kostveit.

– Likeverdige vilkår i konkurransar er det vi ønskjer. Fleire parti, både Høgre og Arbeidarpartiet, har sagt at dei vil opne opp meir for ideelle aktørar, men framleis har vi ikkje sett noko konkret.

– Du opplever at de ikkje konkurrerer på lik line?

– Nei, vi startar ikkje likt på startstreken. Vi får kjensla av å starte med eit handicap, særleg knytt til store historiske pensjonskostnader.

Vi behandlar folk med eit klart mål: Å få dei tilbake i arbeidslivet.

Rehabiliteringssenteret AiR blei ISO-sertifisert i 2006, som det første i spesialisthelsetenesta. Og i 2010 blei senteret akkreditert av CARF, ein
amerikansk nonprofit-organisasjon som har utvikla eit internasjonalt system for godkjenning av verksemder innan helse og rehabilitering.

– Det gjer at vi blir sett i korta heile tida, og det er bra. Vi ønskjer å bli målt ut i frå deltakaren sitt perspektiv, og det viktigaste for oss, er om vi lykkast i å få deltakaren ut i arbeid, seier Kostveit. 

Ei undersøking viser at 75 prosent av deltakarane er tilbake i jobb etter eitt år på senteret. Fire av ti rapporterer og om større arbeidskapasitet eit halvt år etter opphaldet, og 95 prosent melder at opphaldet har gitt utbytte. Kostveit og kollegaene insisterer på å kalle dei deltakarar, ikkje pasientar.

– Mange kjem med massive utfordringar og seier: «Gjer meg frisk». Så blir dei møtt med ei tilnærming der dei sjølve blir sett bak rattet, med mykje ansvar og med oss som støttespelarar. Skal dei lukkast, må det vere dei som har drivkrafta.

 – Er det ei overrasking for dei? 

– Ja, fleire får hakeslepp. Nokon trur dei kjem for å slappe av. Vi er lite opptekne av diagnose og dysfunksjon, og meir av kva dei kan gjere på tross av plagene sine. Svært få avbryt opphaldet, og dei fleste får gode opplevingar og byrjar å tenkje: «Kanskje eg har noko å gjere i arbeidslivet likevel?»

– Kva trur du om framtida for Rehabiliteringssenteret AiR?

– Ho blir krevjande. Viss vi ser på dei helsemessige utfordringane i samfunnet, er vi utan tvil relevante i mange år. Og det å styrke arbeidsretta rehabilitering, er og eit overordna mål for regjeringa. Men vi er utrygge på kva forvaltinga faktisk
gjer. Vi hamnar framleis mellom borken og veden.

Han tenkjer seg kort om. 

– Men eg er ukueleg optimist. Vi må fortsette å levere kvalitet til ein fornuftig pris. Og vi står fast på at døgnbasert rehabilitering har større effekt enn dagbasert. Sjølv om det er mykje fokus for tida på dagbasert rehabilitering, som jo er rimelegare.

Kostveit ser på oss og smiler.

– Framtida er til bekymring, men det er eg vand med. Uansett er eg svært komfortabel med å vere leiar for ein nonprofit-organisasjon med vår historie og misjon. Det gjer livet meiningsfylt.

Eg er ukueleg optimist. Vi må fortsette å levere kvalitet til ein fornuftig pris.

Stein Kostveit, direktør, Rehabiliteringssenteret AiR, Rauland