Regjeringa har sendt på høyring «Verdiprinsipp for rimelig betaling for kunstnerisk arbeid».
Kultur

Spekter har, saman med LO, Virke, KS, Kunstnarnettverket og Kulturrådet delteke aktivt i referansegruppa for dette arbeidet. Vi skal sende innspel til høyringsfristen 1. mars 2026, men ønskjer allereie no å kommentere det vi meiner er vesentlege manglar i høyringsnotatet.
Spekter støttar sjølvsagt at kunstnarar skal ha rimeleg betalt. Samtidig meiner vi at høyringsnotatet i for liten grad tek opp dei innvendingane og problemstillingane som har kome fram i referansegruppa, særleg knytt til juridiske og praktiske avklaringar, og til sjølve prosessen.
Hovedpunkt frå Spekter:
Spekter har, i referansegruppemøtene, peika på behovet for eit solid faktagrunnlag som dokumenterer kvifor det trengst slike prinsipp i Norge, før ein formulerer utkast til prinsipp. Dette er særleg viktig fordi liknande prinsipp ikkje er innført i dei andre nordiske landa med samanliknbar sektorstruktur. I det heile stussar vi over at direktoratet har nytta tre sider på å skildre praksis i andre land, men ikkje funne plass til å skildre dagens praksis i Norge.
- Manglande skildring av bransjen:
Høyringsnotatet gjer ikkje greie for heile kulturlivet som arbeidsliv, og overser at ein stor del av sektoren, inkludert dei statleg finansierte institusjonane som prinsippa er retta mot, allereie er organiserte verksemder med tariffavtalar og andre rammeavtalar. Dette burde vore grundig skildra.
- Eksisterande rettsleg rammeverk:
Vi har minna om at vi allereie i dag har eit juridisk rammeverk som gjev rett til rimeleg vederlag for overdraging av skapande og utøvande kunstnarar sine rettar. Vilkåra i åndsverklova § 69 om retten til rimeleg vederlag er tydelege, og arbeidsmiljølova og tariffavtaler set grenser for arbeidsforhold, som ansvarlege kulturleiarar følgjer. Ei skildring av kva som er rettsleg regulert på dette området burde som eit minimum inngå i høyringsnotatet.
- Behov for konsekvensutgreiing:
Når det vert føreslått prinsipp som skal ha normativ kraft og reelle konsekvensar, må det følgje ei grundig konsekvensutgreiing. Prinsippa har, slik dei står no, ein uklar rettsleg status, og det burde vore gjennomført ei vurdering i tråd med utgreiingsinstruksen.
Oppsummert meiner Spekter at høyringsnotatet ikkje tek tilstrekkeleg høgd for dei juridiske, praktiske og strukturelle forholda i norsk kulturliv, og det er skuffande at dette ikkje er nemnt. Spekter meiner det må presiserast at verdiprinsippa ikkje er rettsleg bindande, men er å sjå på som rettleiande for alle som hyrer kunstnarar til ulike oppdrag.
Spekters innspel til Kunstnarmeldinga, der vi også løfta fleire av desse aspekta kan lesast her: Innspill til høring om kunstnermeldingen.pdf (231KB)
Ta kontakt med Fagsjef for kultur og likestilling, Åslaug Løseth Magnusson, for kommentarar og innspel i god tid før høyringsfristen 1. mars: aslaug.magnusson@spekter.no, 950 80 998.
Her finner du høringen fra Kultur- og likestillingsdepartementet