Ei fersk medlemsundersøking frå Spekter (2026) viser at om lag 83 prosent av kulturverksemdene allereie har teke i bruk KI, men dei fleste er framleis i ein tidleg fase der bruken er avgrensa og prega av utprøving. Over halvparten peikar på manglande kompetanse som den viktigaste barrieren – både når det gjeld forståing av teknologiens moglegheiter og avgrensingar, og kunnskap om trygg, etisk og ansvarleg bruk.

Samtidig møter kulturverksemdene stadig fleire krav til rapportering, dokumentasjon, verksemdsstyring, arbeidsgivaransvar, tryggleik og beredskap, samstundes som administrasjonane er små og effektive. Spekter er oppteken av å synleggjere overfor styresmaktene at auka krav føreset at kulturverksemdene får handlingsrom til å styrke dei administrative ressursane sine, og at riktig bruk av KI kan vere ein del av løysinga for å lette den administrative byrda utan at det går utover kvalitet eller rettstryggleik.

Som medeigar i Digital Norway vil Spekter, i samarbeid med Digital Norway og Kulturdirektoratet, tilretteleggje eit målretta opplæringstilbod om KI for kultursektoren, bidra til auka kunnskap om trygg og strategisk bruk av KI, og gjere eksisterande kurs og ressursar meir tilgjengelege. Administrerande direktør i Digital Norway, Liv Dingsør, og prosjektleiar Dragana Trifunovic innleidde til diskusjon om korleis verksemdene nyttar KI i dag, kva utfordringar dei møter, og kva slags støtte som kan gjere det enklare å ta neste steg.

Beredskap og tryggleik i kultursektoren

Den andre saka på møtet handla om beredskap og tryggleik. Kultursektoren får ei tydelegare rolle i samfunnstryggleiken, mellom anna gjennom føringar i Totalberedskapsmeldinga og klare forventningar i tildelingsbrev til statleg finansierte institusjonar. Samstundes skildrar PST eit meir samansett trusselbilete, der spionasje, sabotasje, digitale angrep og påverknadsoperasjonar spelar ei større rolle enn tidlegare.

Kulturinstitusjonane er utsette fordi dei samlar mange menneske og ofte har høg symbolverdi, samtidig som digitaliseringa av bygg, sceneteknikk, billettsystem og interne system skaper nye sårbarheiter. Samstundes er dei ein viktig del av samfunnets langsiktige beredskap, ved å byggje offentlegheit, fellesskap, tilhøyrsle og kritisk refleksjon, og ved å bidra til demokratisk robustheit i møte med polarisering og desinformasjon. Mange verksemder opplever likevel eit press mellom auka krav og avgrensa ressursar, og mellom omsynet til openheit og behovet for styrkt tryggleik.

Som innleiing til saka presenterte Næringslivets sikkerheitsråd, der Spekter er stiftar og eigar, arbeidet sitt, vurderingar av trusselbiletet og erfaringar med varsling og støtte til verksemder. Dette gav grunnlag for ein diskusjon i sektorrådet om korleis ein kan styrkje beredskap utan at kulturinstitusjonane blir opplevde som festningar, korleis ein tek vare på tryggleiken og handlingsrommet til dei tilsette i krevjande situasjonar, og kva slags leiarkompetanse som trengst for å ta kloke avgjerder når truslar, risiko og omdømme må vegast mot kvarandre.

Her finner du kurs fra Digital Norway som er fritt tilgjengelig for alle Spektermedlemmer