Spekter er arbeidsgjevarforeining for offentleg finansierte og private verksemder mellom anna innafor musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst og kulturarv.
Våre medlemmer er positive til tiltak som kan bidra til å styrke eit mangfald av kulturtilbod av høg kvalitet over heile landet.
Spekter sin viktigaste bodskap knytt til oppretting av regionale kulturfond har vore at pengane som vert sett av til ordninga må vere friske midlar, og ikkje takast frå eksisterande tilskott og ordningar på kulturområdet elles. Spekter er difor nøgd med at departementet så tydeleg presiserer at dei statlege midlane i ordninga skal komme i tillegg til eksisterande løyvingar, og at måla med ordninga ikkje kan nåast om midlane erstattar eksisterande ordningar.
Kulturinstitusjonar som teater, orkester, museum og konserthus er motoren i kulturlivet vårt. Dette er verksemder som gir gode publikumsopplevingar i heile landet og som også bidreg til auka aktivitet og kvalitet i det lokale, frivillige kulturlivet.
Denne motoren har dei siste åra vorte svekka av sterk prisauke, og mange av medlemmene våre har dei siste åra vore gjennom store omstillings- og nedbemanningsprosessar. Fleire seier dei også i inneverande år har måtta skalere ned produksjonen sin, halde ledige stillingar vakante, og redusert bruken av frilansarar og vikarar. Når institusjonane må stramme inn går dette ut over kulturlivet som heilskap. Spekter er opptekne av at institusjonane må sikrast føreseielege rammetilhøve, og at tilskotta må komme som rammetilskott. Difor er departementets presisering av at midlane i ordninga ikkje skal takast frå andre ordningar særs viktig, og vi meiner ordninga bør evaluerast etter ei tid, mellom anna for å sjå på korleis dette har gått føre seg.

Forvaltning, involvering og medverknad

Spekter deler departementets vurdering av at forvaltninga av ordninga må vere så lite ressurskrevjande som mogleg, slik at mest mogleg av midlane kjem kunsten og kulturen til gode. Vi vil understreke viktigheita av at prinsippet om armlengds avstand vert ivareteke. Det er også viktig at kultursektoren vert involvert i prosessen med utforminga av tildelingskriterium for at den skal bli så treffsikker som mogleg.
Spekter legg til grunn at samiske og andre nasjonale minoritetar sine interesser vert ivareteke i fylkeskommunen si forvaltning av ordninga, og at det er tilstrekkeleg med ei tydeleg presisering av fylkeskommunens ansvar for dette i forarbeida.

Føremålet med ordninga

Spekter støttar Norsk teater- og orkesterforening (NTO) sitt innspel om forslag til endringar i føremålsparagrafen, for å mellom anna sikre at ordninga også kan treffe den profesjonelle kunsten og kulturen utan føringar om samarbeid med det frivillige livet.
Forslaget fra NTO er å utvide føremålsregelen slik:
1. Formål
Tilskuddsordningen Regionale kulturfond skal bidra til gode lokalsamfunn og et åpent, inkluderende og mangfoldig kulturliv i hele landet. Tilskuddsmidlene skal styrke både profesjonelt og frivillig kulturliv lokalt og regionalt, og stimulere til høy kvalitet i kunst- og kulturtilbudet så vel som økt aktivitet og bred deltakelse.