Arbeidsgiverforeningen Spekter viser til Kultur- og likestillingsdepartementets brev av 4. juli 2025 der dykk bed om innspel til NOU 2025: 7 Musikklandet med høyringsfrist 14. november.

Arbeidsgiverforeningen Spekter er ein av dei leiande arbeidsgjevarforeiningane i Noreg, og organiserer både private og offentleg eigde verksemder med til saman over 250 000 tilsette. Vi har brei organisering innan sektorane samferdsel, helse og kultur, og mange av våre medlemmer har eit tydeleg samfunnsoppdrag, eller bidreg gjennom si verksemd til at andre løyser sine samfunnsoppdrag på ein god måte.

Innan kultursektoren organiserer Spekter nærare 90 verksemder, som dekker heile breidda av musikkfeltet frå store og små orkester, opera, NRK, Barrat Due musikkinstitutt, offentleg eigde og kommersielle konserthus til det frivillige musikkfeltet med Norsk Musikkråd i spissen.

Spekters overordna merknader til Musikklandet

Spekter meiner utvalet har levert eit grundig og solid kunnskapsgrunnlag som synleggjer kor viktig musikken er - både for enkeltmenneske, grupper og for samfunnet som heilskap. Mandatet har vore omfattande, og meldinga inneheld over hundre forslag til tiltak.

Spekter vil ikkje kommentere alle enkeltforslag, men løftar fram det vi meiner er viktig å prioritere og peikar på dei forslaga vi meiner kan få uheldige konsekvensar for feltet.

Fleire av forslaga er i denne NOU-en avgrensa til musikkfeltet, men vil få konsekvensar for heile kultursektoren. Difor må fleire av tiltaka vurderast i ein større samanheng der ein også ser på overslagseffekten til heile kulturfeltet samla.

Del I Musikkens betydning for menneske og samfunn

Musikk i utdanninga 

Den siste PISA-undersøkinga viser at norske elevar skårar stadig svakare i matematikk, lesing og naturfag, og heile 41 prosent presterer lågt i eitt eller fleire av desse faga. Dette gir store utfordringar for vidare studiar og arbeid.

Norsk skule står difor ovafor store utfordringar. Dette er ikkje berre alvorleg for den enkelte eleven og framtidige arbeidstakarar, men like mykje for samfunnet og for verksemdene som skal rekruttere arbeidskraft i framtida.

Samtidig som det over tid har blitt fleire timar i skulen, har det også blitt mindre og mindre merksemd mot dei praktisk-estetiske faga. Dette gjeld både timetal og innretning på lærarutdanningane.

Stortingsmeldinga En mer praktisk skole (Meld.St.34 (2023-2024)) peika på at praktisk-estetiske fag er viktig for læring, motivasjon og trivsel.
Som ei oppfølging av denne stortingsmeldinga arrangerte Spekter for eitt år sidan eit frukostseminar med tittelen «Kan kunstfag bidra til å sikre fremtidens kompetansebehov i arbeidslivet?» mellom anna med kunnskapsministeren til stades. På frukostseminaret vart det også presentert ein rapport som Spekter saman med LO har fått utarbeidd og som viser betydninga av dei estetiske faga også for prestasjonar i andre fag. Rapporten viser at ei auka satsing på kunstfag, og særleg musikkfag, kan styrke motivasjonen i skulen, auke gjennomføringsgraden og føre til betre karakterar i matematikk.

Ein studie frå University og British Columbia, basert på funn relatert til OECDs PISA-undersøkingar viser at elevar som får instrumentundervisning ligg eit akademisk år føre sine medelevar som ikkje får slik undervisning. Musikkundervisning gir øving i fordjupning og konsentrasjon, det gir elevane frustrasjonstoleranse og øving i å prestere føre eit publikum. Ein får også prosesserfaring knytt til å arbeide fram mot eit mål. Dette er alle eigenskapar framtidas arbeidsliv har bruk for. 

Spekter sitt innspel er difor at dei praktisk-estetiske faga og praktisk-estetiske ferdigheiter hos norske elevar må styrkast. Vi meiner at dei praktisk-estetiske ferdigheitene vil ha betydning for elevane si evne til å utvikle andre ferdigheiter, ved sida av at dei har ein eigenverdi i seg sjølv. I tillegg, som ein naudsynt konsekvens, vil utvikling av lærarar sin kompetanse, både i sjølve lærarutdanninga og i etter- og vidareutdanning, bli viktig. Auka merksemd mot praktisk-estetiske fag bør ikkje føra til at timetala i skulen aukar, det bør heller føre til ein omprioritering.

Spekter støttar difor utvalets tilråding om å styrkje musikk som fag i lærar- og barnehagelærarutdanninga.

Musikk og berekraft

Oslo Economics sin ringverknadsanalyse av kultursektoren skildrar tydeleg korleis kulturen bidreg til å nå ei rekke av berekraftsmåla. Spekter meiner dette bør få meir merksemd, og at Norge bør vere ein pådrivar i arbeidet med å sikre kulturens plass i dei nye berekraftmåla etter 2030.

Spekter meiner tilgang til kultur i seg sjølv er viktig for å oppnå berekraftige samfunn og at Norge må bidra til at kultur blir ein sjølvstendig del av berekraftsmåla etter 2030.

Del II Musikklivets organisering og politikk

Verkemiddel for det profesjonelle musikkfeltet

Opera
Med operahuset i Bjørvika fekk DNO&B ei klar nasjonal og internasjonal rolle, som har medverka til at operaaktiviteten også utanfor Oslo har vakse fram og at interesse for opera har auka over heile landet.

Opera er ei kompleks kunstform som krev store investeringar, høg kompetanse og omfattande infrastruktur, noko som gjer det ekstra krevjande for regionale aktørar å byggje og halde på nødvendig kvalitet.

Utvalet føreslår ei gjennomgang av «strukturen og politikken for regionopera og distriktsopera for å sikre at aktivitet og vilkår er betre balansert». Spekter støttar at det vert gjort ein slik gjennomgang.

Feil i talgrunnlaget
Utvalet viser til ei sjangermessig skeivdeling der klassisk musikk og opera er sterkt representert i den faste institusjonsstrukturen, medan rytmiske sjangrar, populærmusikk og minoritetsuttrykk i større grad må forhalde seg til prosjektbaserte ordningar.

Utvalet anerkjenner at opera og klassisk musikk er ressurskrevjande, men vi saknar ei grundigare drøfting av institusjonane sin økonomi og kostnadsstruktur samanlikna med andre kunstfelt. Dei største driftskostnadene går til hus, scene, utstyr og løn til eit breitt spekter av fast og mellombels tilsette, gjestar og frilansarar.

Spekter vil i denne samanheng også påpeike at i rapporten er heile tilskotet til DNO&B med i talgrunnlaget for opera, sjølv om DNO&B har eit todelt oppdrag med både opera og ballett/dans. Når ein ikkje presiserer at delar av tilskotet går til ballett, og ikkje inkluderer besøkstal og utbreiing for dans, blir samanlikninga med andre kunstformer skeiv. I tillegg er heile tilskotet til Kilden teater og konserthus inkludert, utan at det vert presisert at dette også omfattar Kilden teater. Då blir talgrunnlaget feil. Det er avgjerande at grunnlaget er riktig når ein samanliknar finansiering av dei ulike sjangrane.

Forslag om å innføre ei ny tilskotsordning i Kulturdirektoratet
Utvalet sitt fleirtal føreslår, mellom anna på bakgrunn av denne skeivfordelinga, å opprette ei ny tilskotsordning for både institusjonar og det dei kallar «semiinstitusjonar» i Kulturdirektoratet, med mål om å sikre ei meir open forvaltning og større likebehandling mellom musikksjangrar og institusjonstypar.

Det kjem ikkje klart fram korleis utvalet meiner ei slik ordning skal organiserast, og kva det vil ha å seie for varige institusjonar med stort behov for føreseielegheit og stabilitet å bli plassert inn i slike ordningar, framfor å vere namngitte tilskottsmottakarar på statsbudsjettet. Dette er også eit forslag som må sjåast i ein heilskap, då det vil kunne få overslag til mellom anna scenekunstfeltet.

Kunst- og kulturinstitusjonane er motoren i kulturlivet vårt. Dei produserer og formidlar kunst av høg kvalitet til publikum over heile landet.

Institusjonane er dei viktigaste arbeids- og oppdragsgivarar for kunstnarar og kulturarbeidarar landet rund. I tillegg bidreg dei til utvikling av heile sektoren ved å vere viktige ressursar for enkeltkunstnarar, ensembler, kompani og lokale, frivillige aktørar. Dei planlegg med lange tidshorisontar, som inneber kontraktsrettslege forpliktelsar fleire år framover. Spekter fryktar at konsekvensane av ei omlegging, slik fleirtalet i utvalet tek til orde for, vil vere store for føreseielegheita til både arbeidgjevar- og arbeidstakarsida.

Det tek årtier å bygge opp ein slik infrastruktur av institusjonar, som vi har i dag, og som utgjer grunnmuren i det musikalske økosystemet. Faste tilsette musikarar i orkestera tek også oppdrag i det frie feltet, dei deltek som undervisningspersonell ved kulturskular og i høgare utdanning og dei deltek med sin kompetanse i det frivillige, lokale musikklivet. Institusjonane gir stabilitet og utviklingskraft til heile feltet rundt seg, og Spekter ser det som avgjerande å sikre institusjonane føreseielege rammetilhøve som bidreg til at dei kan oppfylle sine samfunnsroller på ein god og kraftfull måte også framover.

Spekter vil difor sterkt åtvare mot å endre finansieringsmodell for institusjonane, som vi meiner kan få store konsekvensar – ikkje berre for institusjonane sjølv, men for heile musikklivet og for samfunnet i stort.

Spekter viser elles til Norsk teater- og orkesterforening sitt innspel for utdjuping på dette området.

Musikkfrivilligheita
Det frivillige musikklivet meiner det hastar å forenkle tilskotsordningane, slik at feltet får eit betre grunnlag for vidare utvikling.

Musikkfrivilligheita har særleg behov for støtte til utstyr, lokale, kompetanse og fagpersonar, og må ha kapasitet til å møte aukande forventningar frå det offentlege om å vere arena for inkludering, integrering og sosialt arbeid. Utvalet tilrår at musikkfrivilligheita vurderer eigne strukturar, men dette krev at myndigheitene sikrar tryggleik og stabilitet for aktørane. Difor må tilskotsordningane vere breie, stabile og tilpassa behova i feltet for å leggje til rette for vidare utvikling og styrking av heile musikklivet.

Gode og tilgjengelege lokale er avgjerande. Slike lokale legg til rette for øving, framføring og rekruttering, og sikrar god helse og tryggleik for alle involverte.

Spekter støttar utvalets vurdering av behovet for ein nasjonal rettleiar for utvikling av kulturlokale. Like viktig er det at musikkfrivilligheita får tilgang til skular med løysingar for øving, konsertar, lager og overnatting – noko som er ei utfordring mange stadar.

Verkemiddel for infrastrukturen for musikk

Utvalet stiller spørsmål ved om kor godt NRK synleggjer nasjonale minoritetars musikk, og meiner NRK bør utvikle ein eigen strategi for dette. Det vert også stilt spørsmål til kor godt den klassiske musikken blir ivaretatt.

Spekter er glad for at utvalet anerkjenner NRK som ein heilt avgjerande del av musikkens økosystem, men vil minne om at NRK er eit fritt, redaktørstyrt medium med sjølvstendig ansvar for å levere på sitt viktige og samansette samfunnsoppdrag. I oppdraget til NRK står det at «Ein stor del av tilbodet skal ha forankring i og spegle det kulturelle mangfaldet i Noreg». I NRK sin musikkambisjon står det at «NRK skal prioritere norsk og samisk musikk frå heile landet». NRK arbeider difor systematisk og utrøytteleg for å vere relevante for alle som bur i landet til ei kvar tid. NRK melder til Spekter at dei har sett i verk ei rekke tiltak, og her er nokre dømer:

  • NRK har etablert ei musikkrådgjevingsteneste som både interne og eksterne produksjonar kan nytte seg av i samband med TV- og podkastproduksjonar. Til dømes er serien «Isak og koia» full av norske og samiske komposisjonar/låtar.
     
  • I samarbeid med Norsk Komponistforening har NRK etablert ein komponistpool, der nye og etablerte komponistar vert inviterte til å spesialkomponere musikk for NRK sine produksjonar.
     
  • NRK Kringkastingsorkestret, KORK, har ei konsertmengde på om lag 50 konsertar i året. Orkesteret tek vare på fleire sjangerområde, som òg omfattar minoritetsgruppene. Eit døme er skogfinnekonserten med Sinikka Langeland som vart spelt inn utanfor Skogfinnemuseet hausten 2025. KORK hadde dessutan Frigjeringskonsert med jødisk musikk frå fleire kjende klassiske komponistar, samt eit samarbeid med klezmer-bandet Urban Tunells Klezmer Band frå Mosjøen. I 2025 hadde KORK òg ein konsert med fokus på rom- og romanimusikk, i samarbeid med far og dotter, Elias og Veronica Akselsen.
     
  • Sundag 1. november 2025 hadde NRK ein temadag på P3 Musikk kalla Global Spesial, med fokus på musikk frå heile verda. Dei har også programma «Musikkreisen» og «Indiskotek», som begge speglar ei rekkje minoritetsgrupper i landet. NRK arbeider no med å definere nye temadagar spissa mot nettopp minoritetar.

NRK er også i ferd med å leggje ein større plan for korleis dei kan svare enno betre på oppdraget og sørgje for at publikum finn og brukar musikkinnhaldet og musikkjournalistikken.

Spekter meiner det er avgjerande viktig at NRK sjølv har styring med og ansvaret for dette arbeidet.

Heilskapleg musikkpolitikk på tvers av sektorar og forvaltningsnivå

Utvalet føreslår at det bør etablerast eit koordinerande ledd i Kultur- og likestillingsdepartementet for å styrke koordineringa mellom musikkpolitikken og sektorpolitikken.

Spekter meiner det er viktig å styrke arbeidet på tvers av samfunnsområde, og meiner det kan vere ein god ide med eit tverrdepartementalt samarbeid. Men vi meiner dette ikkje må avgrensast til musikk, ein bør sjå heile kunst og kulturlivet i samband med andre samfunnsområde. I eit slikt bilete er det avgjerande å sikre at det profesjonelle kunstfeltet ikkje vert underlagt andre mål enn dei kulturpolitiske.

Del III Musikk som næring

Spekter støttar utvalet i at det bør satsast meir heilskapleg på musikk som næring, og at dette må følgjast opp med tydelege mål og statistikk for næringsutvikling. Musikkbransjen har eit stort økonomisk potensial og bidreg til verdiskaping, arbeidsplassar og eksport. Samtidig saknar vi ei tydelegare anerkjenning av at også offentleg støtta institusjonar driv omfattande næringsretta verksemd, og viser mellom anna til Den Norske Opera & Ballett sitt eige høyringssvar. Vi vonar dette vert ivareteke i den vidare politiske handsaminga av NOU-en.

Musikk og scenekunst bør innlemmast i mva-systemet med låg sats.
Spekter har lenge argumentert for at musikk- og scenekunst bør innlemmast i meirverdiavgiftssystemet med låg sats, for å sikre like konkurransevilkår og forenkla administrasjon. Difor er vi glad for at utvalet gjer ein grundig gjennomgang av dette spørsmålet og synleggjer at det er brei semje i musikk- og scenekunstbransjen om at det trengst ei endring. Utvalet tilrår at det vert gjort ei brei utgreiing av meirverdiavgiftsgrunnlaget på kulturområdet generelt og musikkområdet særskilt.

Spekter meiner det ikkje er naudsynt med fleire kartleggingar før ein set i gang lovarbeidet, då det slik utvalet påpeikar, allereie føreligg fleire utgreiingar av spørsmålet tinga av bransjeaktørane sjølv.

Musikkbransjen og arbeidslivets rammer

Behov for oppmjuking av arbeidslivsreglane

For at kultursektoren skal nå måla om å produsere og formidle musikk og scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, drive kunstnarleg utvikling og fornying, og tilby eit kulturtilbod som er tilgjengeleg for eit bredt publikum, må kulturinstitusjonane ha fleksibilitet i tilgangen til arbeidskraft. Programmet må leggast først og deretter settast saman av best eigna lag for den enkelte produksjon.

På relativt kort tid har Stortinget innskrenka adgang til bruk av midlertidig tilsette og innleigd arbeidskraft. I tillegg inneber ein ny presumpsjonsregel knytt til arbeidstakaromgrepet at arbeidsgjevar ber ei skjerpa bevisbyrde om oppdragstakar krev fast tilsetting, og etterbetaling av lovpålagte goder, fordi dei meiner dei burde vore tilsett. Samla fryktar vi desse endringane både vil kunne gå ut over den kunstnariske kvaliteten og vil kunne føre til store økonomiske kostnadar og ein auka administrativ byrde i ein sektor som gjennom mange år har drive omstilling grunna den økonomiske situasjonen.

Våre medlemsundersøkingar viser korleis auka kostnadar fører til mindre aktivitet. Dette inneber mindre arbeid og færre oppdrag til utøvande og skapande kunstnarar. Dette går sjølvsagt også ut over publikum si tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod. I tillegg kan det også ramme rekruttering, utvikling og vekst.

Kultursektoren er i sin natur avhengig av fleksibilitet i arbeidskrafta for at måla med verksemda skal nåast. Det betyr sjølvsagt ikkje at vi ikkje skal ha eit trygt arbeidsliv, eller at store institusjonar ikkje skal ha fast tilsette. Men dagens regelverk er for rigid, og fleire av våre medlemmer meiner dette er hemmande for å kunne nå målet om høgaste kunstnarlege kvalitet, og at det også bidrar til å hindre mangfald.

Spekter meiner utvalet, i tillegg til å referere innspel frå partane i arbeidslivet, burde tatt føre seg korleis innstramminga i arbeidsmiljølova påverkar sektoren i stort.

Direkte adgang til midlertidig tilsetting
Spekter meiner kultursektoren må ha adgang til midlertidig tilsetjing på same måte som idretten. Mellom anna ville det vore ein stor styrke å kunne tilsette kunstnarleg personell og leiarar innanfor kulturområdet for utføring av kunstnarleg arbeid på åremål.

Det finnes ei opning for dette i dagens arbeidsmiljølov, men det forutset at arbeidsgjevar har ein avtale om dette med ein landsomfattande arbeidstakarorganisasjon jf. aml. § 14-9 (4). I avtaleforhandlingane blir det ofte stilt krav om at arbeidsgjevar må ha eit visst antal faste tilsette og eit visst antal årsverk før arbeidsgjevar kan nytte seg av midlertidig tilsetting.

For den organiserte idretten er det direkte adgang til midlertidig tilsetting av utøvarar, trenarar, dommarar og andre leiarar, utan at arbeidsgjevar må inngå slike avtalar.

Kultursektoren er på same måte som idretten ein prestasjonsbasert bransje, og Spekter meiner difor kultursektoren må ha same reglar som idretten. Dette vil ivareta behovet mange kunstnarar har for arbeidsmiljølovens vern, samstundes som det gir leiarane nødvendig kunstnarleg handlingsrom.

Det er viktig for Spekter å understreke at vi meiner det i mange tilfelle kan vere riktig å tilsette kunstnarar fast, men det er viktig at leiarane sjølv har styring med kor mange faste tilsette dei skal ha. Det er leiarane som har ansvaret for at verksemda leverer på sine samfunnsoppdrag, og det må difor også vere opp til dei å vurdere kor stor grunnbemanning det er bruk for.

Varig unntak frå reglane om innleige frå bemanningsføretak

Kultursektoren må ha moglegheit til å bruke innleige frå bemanningsføretak, slik praksis har vore i mange år. Til dømes presenterer våre profesjonelle kultur- og konserthusmedlemmer eit breitt spekter av konsertar og sceniske framsyningar gjennom heile året, med store sesongvariasjonar. Felles for desse er at både arbeidsmengda og kompetansebehovet varierer mykje frå arrangement til arrangement. Innleige av fagfolk er avgjerande for å kunne dekke den variable arbeidsmengda. Bemanningsføretak sikrar at fagfolka får faste tilsetjingsforhold hos seriøse tenesteytarar og bemanningsføretak, og bidreg til å byggje opp eit fagmiljø som utviklar spisskompetanse på det aktuelle området.

Det er mange i denne sektoren som ikkje har tillitsvalde som møter lova sine krav om å kunne inngå avtale om innleige. Omfanget av innleigebruken er heller ikkje stor, men den utgjer ein viktig funksjon.

Spekter meiner arrangementsbransjen må få eit varig unntak frå reglane om innleige frå bemanningsføretak.

Rimeleg betaling for kunstnarisk arbeid

Utvalet meiner det bør utviklast kompetanse og eit systematisk kunnskapsgrunnlag for styresmakter, interesseorganisasjonar og arbeidsgjevar/arbeidstakarorganisasjonar for å sikre rimeleg betaling for kunstnarar.

Regjeringa har allereie gitt Kulturdirektoratet i oppdrag å utarbeide verdiprinsipp for rimeleg betaling av kunstnarleg arbeid, og Spekter har delteke i referansegruppa for dette arbeidet.

Spekter meiner sjølvsagt at kunstnarar skal sikrast rimeleg betaling, men vi stiller spørsmål til kvar desse prinsippa skal stå i forhold til lovgivinga på området.

Vi minnar om at vi allereie i dag har eit juridisk rammeverk som heimlar retten til rimeleg vederlag for overdraging av skapande og utøvande kunstnarar sine rettar. Vilkåra i åndsverklova § 69 om retten til rimeleg vederlag er tydelege, og arbeidsmiljølova og tariffavtaler set grenser for arbeidsforhold, som ansvarlege kulturleiarar følgjer. Ansvarsdelinga på dette området må etter vårt syn framleis vere slik at partane kjem fram til avtalar, og at ueinigheiter følgjer vanleg saksgang og at domstolane legg vidare føringar for praksis.

Spekter meiner det er svært viktig at det vert presisert at prinsippa ikkje er rettsleg bindande, men skal fungere som rettleiande for alle som hyrer kunstnarar til å gjere ulike oppdrag.

Pensjonsordning for sjølvstendig næringsdrivande musikarar, og styrking av NAV sin kompetanse på «lappeteppeøkonomi»

Utvalet føreslår at det vert utgreia ein pensjonsordning for sjølvstendig næringsdrivande musikarar. Utvalet føreslår også å auke kompetanse og sørge for konsistens sakshandsaming i Nav for personar med lappeteppeøkonomi, samt betre rådgjevingstenester om kva ordningar som gjeld, berekningsgrunnlag og kombinasjon av ytingar.

Spekter meiner det er viktig å sikre gode ordningar også for sjølvstendig næringsdrivande og dei som arbeider under ulike tilknytingsformer. Spekter støtter difor begge desse forslaga.