Støttar regjeringa si prioritering av kulturinstitusjonane
Statsbudsjettet 2026

Spekter roste regjeringa si innstilling om å prioritere kulturinstitusjonane med både auka driftstilskot for enkelte og kompensasjon for lønns- og prisveksten i sitt forslag til statsbudsjett for 2026.
– Vi i Spekter er glad for at regjeringa føreslår å løfte driftstilskuddet til fleire av kulturinstitusjonane, og at dei for første gang på lang tid foreslår full kompensasjon for forventa pris- og lønnsvekst for de fleste av desse, sa fagsjef kultur og likestilling Åslaug Løseth Magnusson i høringen i Stortingets familie- og kulturkomite.
Magnusson representerte Arbeidsgiverforeningen Spekter sammen med spesialrådgiver/prosjektleder Astrid Driva Rødsand.
– Den økonomiske situasjonen for kulturinstitusjonane har over tid blitt betydeleg meir krevjande. Manglande kompensasjon for pris- og lønnsvekst i fleire statsbudsjett har tvunge institusjonane til omfattande omstillingar. Resultatet er nedskalerte produksjonar, nedbemanning, færre frilandsoppdrag og redusert tilbod til publikum. Difor er vi glade for at regjeringa no innfrir kravet om full kompensasjon for pris- og lønnsvekst i 2026, sa Magnusson.
Kunst- og kulturinstitusjonane er motoren i kulturlivet
– Kunst- og kulturinstitusjonane er motoren i kulturlivet vårt. Dei er profesjonelle og ansvarlege arbeids- og oppdragsgjevarar for kunstnarane og kulturarbeidarane våre og dei bidreg til utvikling av heile sektoren ved å også vere viktig ressurs for enkeltkunstnarar, ensembler, kompani og lokale, frivillige aktørar. I ei tid der pressefridom, kunstnarleg fridom og akademisk fridom vert utfordra – også i vestlege demokrati – er det avgjerande å verne om og styrke dei institusjonane som bidreg til å fremje meiningsmangfald, drive maktkritikk og utvide samfunnet og borgarane sine perspektiv, argumenterte hun videre.
Anstrengt kommuneøkonomi fører til ei nedprioritering av kulturfeltet
Samtidig som Spekter roste regjeringa sitt forslag til budsjett på kulturfeltet, uttrykte Magnusson bekymring for den anstrengte økonomiske situasjonen i kommunesektoren, som mange stader fører til ei nedprioritering av kulturfeltet.
– Ein konsekvens av dette er at det no vert foreslått eit kutt for Arktisk filharmoni på 10 millionar statlege kroner. Spekter meiner staten og dei regionale aktørane saman må finne fram til ei berekraftig løysing for vårt orkester i nord, sa Magnusson.
Ba om støtte til fire punker
Ho avslutta med å peike på fire områder Spekter meiner kulturlivet treng framover, og som ho oppfordra politikarane i familie- og kulturkomiteen til å bidra til gjennomslag for. Dei fire punkta er:
- Forutsigbar offentleg finansiering på alle forvaltningsnivå.
- Betre rammebetilhøve for private bidrag til kulturen.
- Større fleksibilitet i arbeidslivslovgjevinga.
- At musikk- og scenekunst vert innlemma i mva-systemet med låg sats.
Les Spekters skriftlige innspill til Familie- og kulturkomiteen (PDF, 200KB)