Kan kulturlivet løyse framtidas kompetansebehov i arbeidslivet?
Ny episode av Spekterpodden
I denne episoden av Spekterpodden diskuterer vi om kunstfag kan bidra til å løyse framtidas kompetansebehov i arbeidslivet, og styrke engasjementet og prestasjonen i skulen.
Framtidas arbeidsliv treng meir kreativitet, meir innovasjonskraft, betre evne til fordjuping og betre sosial kompetanse. Korleis kan vi legge til rette for å utvikle desse kompetansane? I tillegg viser dei siste PISA-resultata at kunnskapsnivået til norske elevar går tilbake i fleire nøkkelfag i skulen. Kan kunstfag bidra til å betre resultata? På oppdrag frå LO og Spekter har analyse- og rådgjevingsfirmaet inFuture laga ei kunnskapskartlegging der dei ser på nettopp dette, og i dagens episode får du høyre resultata.